Fjord1
Sparebanken Sogn og Fjordane
Alexandra
Loenfjord
Sport8
Enivest

Nordvestgaloppen 2006

Om Nordvestgaloppen 2006

Vi ønskjer orienteringsløparar frå inn- og utland velkomne til Nordvest-galoppen i Stryn 26.-30. juli 2006. Stryn er ei av dei største turistkommunane i Norge, med ein storslått natur. Landskapet er vekslande, med høge fjell, brear, elvar, fjordar og vatn. Her er også skogsterreng som eignar seg godt for orienteringsløp.

Aktiv ferie

Nordvest-galoppen er tilpassa ferien din med ettermiddagsløp på onsdag og torsdag, og ein fridag før løpa på laurdag og sundag, slik at du og familien kan få med dykk andre opplevingar. Her er mange reisemål og aktivitetar! Kom gjerne og bli nokre dagar ekstra i Stryn!

Kompakt galopp

Det er korte avstandar frå o-camp i Stryn sentrum, til løpa med samlingsplass på Ullsheim (18km) og på Vangen Aktivitetssenter (20km).

Overnatting

Det blir O-camp på Stryn Ungdomsskule nær Stryn sentrum. Plass for telt, campingvogn og overnatting i klasserom. Med kort avstand til forretningar, kafèar, skatepark, symje- og idrettshall, kino m.m. I tillegg har Stryn vandreheim, campingplassar, hytter og hotell. For dei som ønskjer noko ekstra i ferien anbefaler vi Hotel Alexandra i Loen der dei har eit nytt bade og velværeanlegg! Kart

Turistkommunen Stryn

Av attraksjonar i Stryn nemner vi Strynefjellet sommarskisenter eller kva med ein tur til Briksdalen? Der kan du leige guide for ein tur i blåisen. Stryn er også kjent for mange fine toppturar, til dømes "Lodalskåpa", 2083 m.o.h., og "Skåla", 1848 m.o.h. Her er gode førarar i området og mange av turane er greie åleine for kartkyndige o-løparar! Her er fiskeelvar og vatn. På Fosnes i Oppstryn ligg Jostedalsbreen Nasjonalpark og på Nordsida er der mange gamle kulturminner. Mulegheitene er mange!

Arrangørlaga

Markane I.L. og IL Veten er erfarne arrangørar både sommar og vinter. Vi kan nemne o-lang NM i 1975, NVgalopp mange gangar, sist i 1998, Vestlands-meisterskap. NM-ski 1996 samt fleire større ski arrangement, med junior VM 2004 som det mest krevande så langt. Laga har heile tida fått svært gode tilbakemeldingar for sine arrangement.

Terrengskildring

Vi har eit lettløpt terreng. Det består av ein del blandingsskog med opne myrar innimellom. Løpa går nokså høgt over havet, to av dei i grensa mot fjellterreng med storslått utsyn over fjord og fjell! Last ned brosjyre her. Brosjyre NVG 2006