Fjord1
Sparebanken Sogn og Fjordane
Alexandra
Loenfjord
Sport8
Enivest

Nordvestgaloppen 2006

Stryn


Vi har saksa informasjon om Stryn frå Reisemål Stryn og Nordfjord sine heimesider.

Skodde over indre Nordfjord © Jon Kjøs
Skodde over indre Nordfjord
Jon Kjøs
Den vakre og storfelte naturen i Indre Nordfjord har gjort Stryn til ein av dei store turistkommunane i Noreg. Briksdalsbreen i Olden er eit av dei mest besøkte turistmåla i landet, og på Strynefjellet kan ein drive skiidrett heile sommaren. Lodalen, som vert rekna som ein av dei vakraste stadane i Norge, er også ein stor naturattraksjon.
Stryn kommune ligg inst i Nordfjord der fjella stig mot breen. Her bur 6842 innbyggarar, derav omlag 3000 i Stryn sentrum. Stryn kommune dekkjer eit område på heile 1.382 km2, og er innfallsporten til Jostedalsbreen Nasjonalpark.

Primærnæringane, småindustri og turisme er dei viktigaste levevegane i Stryn kommune. Merkenamn som Olden Brevatn, Ricco Vero, Moods of Norway, Aloha Hemp og Skogstad Sport har alle rotfeste i Stryn.

Stryn består av fleire bygdelag. Heilt i fjordenden ligg Loen og Olden med sine dalar som fører inn til Jostedalsbreen, og reiser du vidare utover fjorden på sørsida kjem du til Innvik og Utvik. Rett over fjorden ligg Nordsida og Markane.
Grendasetra mot Svingesetvatnet, terrenget for løp 1 og 2 © Jon Kjøs
Grendasetra mot Svingesetvatnet, terrenget for løp 1 og 2
Jon Kjøs
Aktivitetstilboda er mange og dei mest spennande er knytt til breen, med sommarskisenter og brevandring. Sidan 1860 talet har det vore turistar i bygdene og ein har lange tradisjonar for å ta vare på gjestene som kjem på besøk.

Lindeblada i kommunevåpenet kjem av at den største lindeskogen i Europa som ligg i Flostranda i Stryn. Vi kan og skilte med å ha ein Nasjonal Turistveg i kommunen vår, Gamle Strynefjellsvegen (rv 258). Den nærare 110 år gamle vegen slynger seg over fjellet mellom Stryn og Skjåk, og var lenge det einaste sambandet mellom aust og vest, på denne vegen får ein fortsatt følelsen av å køyre på gamal ferdaveg.