Fjord1
Sparebanken Sogn og Fjordane
Alexandra
Loenfjord
Sport8
Enivest

Nordvestgaloppen 2006

Nyhende

Deltakarrekord

Av Ivar Bergset
Omlag 900 løparar i alle aldersklassar deltok på Nordvestgaloppen i Stryn denne veka.
Totalt var 15 nasjonar representerte med Sveits (121 stk) og Tsjekkia (64 stk) som dei største utenlandske. Løypene i Markane og på Nordsida var lagde i krevjande og godt vestlandsterreng og var av høg kvalitet. Det sportslege nivået var også svært høgt med tidlegare og noverande juniorverdsmeisterar på startstreken.

Olav Lundanes vann H21AL (Elite)

Olav Lundanes, Østmarka OK (juniorverdsmeister i 2005, og 3 medaljar frå juniorverdsmeisterskapen i 2006) tok samanlagtsigeren i klasse H21AL (Elite). Han vann 3 av 4 løp. På dei neste plassane kom Ivar Haugen, Kristiansand OK og Bjørn Eriksen, Halden SK. Juniorverdsmeisteren på mellomdistanse, Jan Benes frå Tsjekkia, klarte ikkje å tukte nordmennene og fekk til slutt ein 9. plass samanlagt etter 4 dagar.

I D21AL (Elite) vann Michaela Prochazkova frå Tsjekkia. Her vart beste norske løpar Helen Martinsen, Gular, på 16 plass. Årets eliteklassar var dermed av dei ”tøffaste” nokon gong i galoppens historie.

Gode lokale prestasjonar

Sissel Ødegård frå IL Veten vann klassen D21AK (kort) føre Stina Ahlnér, Göteborg-Majorna OK.

Vigdis Sætren frå Markane vann i D40. I H21 AK vart Kjell Ove Bergset (IL Veten) nr. 2 og Asgeir Haugen (Sogndal) nr. 3. Sjur Ole Svarstad (Markane IL) vann klasse H17C. Torodd Os frå Førde vart nr. 2 i klasse H55. Solmund og Edvin Helle (Askvoll og Holmedal) vart nr. 3 og 4 i H60. For fullstendige resultatlister klikk her.

(Sist oppdatert 31.juli 2006, 10:12)

Gå til nyhendearkiv